Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Troms tirsdag 12.03.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Vær varsam der det er lett å påverke kantkornlag, særleg rundt tregrensa, og der det er ustabile fokksnøflak i leområder i fjellet.

Skredfarevurdering

Sidan det har vore kaldt vêr har ikkje fokksnøflak danna i helga stabilisert seg, og det kan gå skred ved påverknad. I snødekket er det også vedvarande svake lag av kantkorn. Desse laga er lette å påverke under skoggrensa der overliggande flak er mjuke, medan det er vanskeleg å påverke desse over skoggrensa sidan overliggande lag er harde. Eventuelle skred på slike lag er venta å bli middels store til store, og det er mogleg å fjernutløyse skred. Ta difor konservative vegval, særleg under skoggrensa, men også i høgda der snødekket er tynt og mjukt.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø over skarelag

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Dårlig binding mellom lag i fokksnøen

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 11. mars 2019

Nysnøen som kom i førre veke blei fredag ettermiddag og laurdag påverka av sterk vind frå nord og aust. Over tregrensa er det for det meste fokksnø, medan under tregrensa og i skjerma terrengformasjonar er det ubunden snø. Dette ligg på eldre fokksnøflak.

Mellom dei eldre fokksnøflaka og skare danna etter mildværet 23. februar, er det vedvarande svake lag av kantkorn. Dette har stor utbreiing, finnast i dei fleste himmelretningar og høgder, men har avgrensa brotforplantningsevne. Over skoggrensa er det generelt vanskeleg å påverke sidan overliggande lag er harde.

Under skoggrensa er det lettare å påverke, og det observert drønn mange stadar, blant anna i Tamok, ved Nordkjosbotn og i Malangen. Søndag hadde det også gått eit skred i skoggrensa på Sjufjellet.

Fjellvær

Mandag 11. mars 2019

1-3 mm nedbør i døgnet. Bris fra vest. -16 °C til -11 °C på 1100 moh. Delvis skyet. Stor usikkerhet i vindretning.

Tirsdag 12. mars 2019

2-4 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørvest. -21 °C til -10 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS